Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk
A A A
 

Nyhetsarkiv

Rørvik gård_80x74

Innbyding til seminar om Nordlands historie

Avholdes 17.-19. april 2009.

Prosjektet Nordlands historie PDF document ODT document er i gang. Fem forskarar skal dei neste fem åra skrive fylkets historie frå dei eldste tidene til i dag, og resultatet vil bli eit flott verk i tre band. Både fylkeskommunen og forskarane ønskjer at Nordlands befolkning skal vere informert om arbeidet i prosjektet, og det vil bli etablert fleire ordningar som skal gje den historieinteresserte nordlendingen høve til å følgje med.

Eit tiltak er det årlege Begeistringsseminaret. To seminar er alt avvikla, og det tredje vil kome 17.-19. april 2009. Tema for seminaret i år er kystens historie med fiskenæringa som hovudtema.

Vedlagt følgjer informasjon om og innbyding til seminaret. Vi ber kulturkontora distribuere informasjonen i eigen kommune og skape blest om arrangementet, og såleis bidra til at vi kan få eit vellykka seminar.

For seminarkomiteen Inge Strand prosjektkoordinator Tlf 75 51 75 52/951 45 776 Arkiv i Nordland http://arkivinordland.no